Lokalsamling

Biblioteket har etterkvart opparbeidd seg ein fin samling med litteratur frå og om Tinn og Telemark. Fylket vårt er godt representert når det gjeld by- og bygdebøker. I 1926 vart 1. bindet av Tinn-soga utgjeve, ny utgåve med rettingar kom i 1956. Denne omhandlar historiske og kulturhistoriske emner om Tinn og tinndølar. Einung var ansvarleg for dette verket, som i tillegg til Einung hadde bidrag av Rikard Berge, Halvor Gjøystdal, o.a. I 1942 kom andre bindet av Tinnsoga – det bindet tok for seg gard- og slektshistorie frå alle gardane i kommunen. Begge binda kom i fotografisk opptrykk i 1978.

Hovin fikk si bygdehistorie dokumentert med verket Hovinsoga, som  kom ut i 1987. Herbjørn Sauro, Olav O. Skibdalen og Ola G. Rue står som hovudansvarlege for denne boka, der første halvdel inneheld gard- og slekthistorie – andre halvdel er vigd kulturhistorie. Ny utgave av Hovinsoga kom ut før jul 2007. Dette bindet omhandlar gard og ætt i bygda som var eigen kommune fram til 1964 da dei vart slegne saman med Tinn. Hovin bygdeboknemnd har og gjeve ut eit kultur- og historiebind og eit bind med detaljerte kart over Hovin, inkl. Rudsgrend og Busnesgrend.

I 1984 kom Rjukans historie i 2 bind. Fyrste bind handlar om tida fra ca 1905 til 1920 – andre bind analyserer tida frå 1920 til 1980. Mannen bak dette omfattende verket var Rjukans eigen Helge Dahl. På tampen av 2000 fullførte han sitt storverk med eit tredje bind som tek for seg tida frå 1980 til 2000. Utanom desse hovudverka er det kome mange grundige og gode monografiar om ulike sider ved Tinn- og Rjukan-samfunnet.

Her er eit utval med bøker frå lokalsamlinga:
Lokale skrifter

Lokale skrifter (i fulltekst)

Miland barnehjem

Translate »
Click to listen highlighted text!