Atrå bibliotekfilial
Søk i Atrås bokbase
Om bibliotekavdelinger i Tinn
Atrå er den einaste filialen som framleis eksisterer. Avdelinga har vore stengt frå mai 2019 pga. bygging av ny ungdomsskule og nytt Samfunnshus. Biblioteket er plassert i amfiet i barnskulebygget, som stod ferdig i 2010
Det var på det meste 6 filialar og 5 utlånsstasjonar i Tinn. I 1995 vart mange av desse erstatta med bokbuss frå Fylkesbiblioteket på Ulefoss. Stoppesteder var Haukås-Lurås, Miland og Mæl. Bokbussen la ned drifta i 2005.
Historie:
I andre halvdel av 1800-talet var det lenge strid om å opprette «almuebibliotek», og spesielt presten Sigholt ivra for ei folkeboksamling i dei fire sogna. Mæl sogn var først ute i 1854, Atrå året etter, mens det for sognene Dal og Hovin (fra 1859 var Hovin eget herred), tok noko lengre tid. Hovin bibliotek vart etablert i 1893.
Hovin bibliotekfilial
blei frå 1. august 2019 nedlagt som filial. Ungar på Hovin skule og barnehage har fortsatt høve til å låne bøker med lærarar til stades.