Kvinnedagen 2019

Biblioteketet  markerer Kvinnedagen fredag, 8.mars 2019 med foredrag av forfattar og journalist Magnhild Folkvord . Ho har skrive biografiar om Fredrikke Maria Qvam og Betzy Kjelsberg. No har ho nett kome ut med ein biografi om Magnhild Haalke.

Denne dagen vil vi heidre pionérkvinnene som gjekk føre og kjempa bl.a for stemmerett for kvinner. Magnhild Folkvord vil dele av alt det ho veit om desse kvinnene, og vi vonar så mange som mogleg tek ein tur til kunnskapens høgborg denne fredagskvelden. En kveld frå kvinner til kvinner. Etter foredraget kan vi by på kaffe og kaker.

Foredraget kjem rett etter ein politisk markering vedr endringar i Abortloven på Torget 17.30 fredag kveld.

Sted: Rjukan bibliotek, Bibliotekkjelleren
Tid:   18.00-20.00

Sørsamer og tamreindrift i Tinn og omegn

Kjell Bitustøyl er for tida knytt til Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu som frilansar, der han skriv for nettsida villrein.no. Blant anna har han drive med studium av tamrein og sørsamisk kultur i fjellområda i sør 

 I dette foredraget vil han ta utgangspunkt i dei lange linene rundt temaet «mennesket og reinen». Men aller mest skal det handle om tamreinhistoria i Tinn.

Sted: Rjukan bibliotek, Bibliotekkjelleren
Tid:   onsdag kl. 18.00

les mer…

Markering av Morsmålsdagen 6. februar 2019

Tinn kommune og Kamerina kulturverksted markerer Morsmålsdagen onsdag 6. februar på Samefolkets dag med fokus på samisk språk og kultur. Frå kl 11.00 vil mykje spennande gå føre seg på Torget.

Program:
Velkomen ved Tuva Hays.
Alle blir oppmoda til å vera med på å danne ei venskapslenke.
Alle skule -og barnehagebarn synger «Vi sangen»
Signe Eira fortel om sjøsamane medan Inga Ravna Eira fortel om reindriftssamane.
Forfattar Inga Ravna Eira frå Karasjok joikar for oss.
Signe lærer oss å telje på samisk.
Tuva inviterer alle til å ete maten i fellesskap. les mer…

Vår Facebookside

Filmweblogo
Translate »
Click to listen highlighted text!