Tinn kommune og Kamerina kulturverksted markerer Morsmålsdagen onsdag 6. februar på Samefolkets dag med fokus på samisk språk og kultur. Frå kl 11.00 vil mykje spennande gå føre seg på Torget.

Program:
Velkomen ved Tuva Hays.
Alle blir oppmoda til å vera med på å danne ei venskapslenke.
Alle skule -og barnehagebarn synger «Vi sangen»
Signe Eira fortel om sjøsamane medan Inga Ravna Eira fortel om reindriftssamane.
Forfattar Inga Ravna Eira frå Karasjok joikar for oss.
Signe lærer oss å telje på samisk.
Tuva inviterer alle til å ete maten i fellesskap.

Den internasjonale morsmålsdagen vart innstifta av UNESCO i 1999 og har blitt feira 21. februar kvart år sidan millenniusskiftet. «Målet med denne dagen er å fremme språklig mangfold og flerspråklighet, samt øke forståelse, toleranse og dialog angående språklige og kulturelle tradisjoner. Morsmålsdagen er en flott mulighet til å fokusere på de språklige ressursene hos barn og voksne i nærmiljøet.»
Arbeidsgruppa frå Tinn kommune og Kamerina kulturverksted vil med glede og forventning invitere skulene til Torget kl. 11.00. Ta med niste og et maten i lag med born og vaksne.

Translate »
Click to listen highlighted text!