Kjell Bitustøyl er for tida knytt til Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu som frilansar, der han skriv for nettsida villrein.no. Blant anna har han drive med studium av tamrein og sørsamisk kultur i fjellområda i sør 

 I dette foredraget vil han ta utgangspunkt i dei lange linene rundt temaet «mennesket og reinen». Men aller mest skal det handle om tamreinhistoria i Tinn.

Sted: Rjukan bibliotek, Bibliotekkjelleren
Tid:   onsdag kl. 18.00

Han vil fortelje om samane som kom, kven dei var, kvar dei kom i frå og kvar dei blei av. Likeins kva kunnskap og kompetanse dei kom med; kva var gamal kunnskap her i bygdene og kva nytt var det samane kom med. Tinn har hatt to tamreinselskap, Tinn Renhjordselskap, 1890 til 1913, og Tinn Tamreinlag 1947-1956. Det siste laget var det fyrst og fremst brørne Fuglesteg, opphaveleg frå Sogn, som stod for, men dei førte vidare ein arv sterkt prega av samiske gjetarar i Jotunheimen. Kontakten med andre tamreinlag i grannebygdene Rauland og Uvdal pluss andre delar av Hardangervidda høyrer òg med til denne historia. Dette arrangementet kjem til i samband med Morsmålsdagen 6. februar.

 

Translate »
Click to listen highlighted text!