Mange kjenner til bokbåla i Tyskland 10 mai 1933. Bibliotekar Wolfgang Herrmann utarbeidde ei liste over forfattarar og bøker som han rådde biblioteka til å luke ut av samlinga pga av innhaldet. Deutsche Studentenschaft, ei tysk studentforeining med klare nazistiske sympatier, tok det mykje lenger og oppfordra til bokbål i mange tyske byar. Foreininga hevda at universiteta skulle vera sentre for tysk nasjonalisme. Deira mål var å renske samfunnet for bøker med pasifistisk og sosialistisk innhald og særleg jødiske forfattarar var uønska. Bokbålkampanjen var godt koordinert, og lista til Herrmann var utgangspunkt for bøker som blei hivd på båla på ulike studiestader i Tyskland. I alt var det halde 34 bokbrenningsseremoniar akkompagnert av allsang og musikk. Enkelte stader vart evenementa tilmed overførte direkte på radio.

I kjellaren på Biblioteket finns mange av dei svartelista bøkene på originalspråket tysk. No arbeider vi med å registrere dei som ein del av Det Røde Bibliotek.

Også Rjukan bibliotek opplevde sensur frå dei tyske okkupantane under 2. verdskrigen. I 1941/42 vart deler av samlinga, sokalla «entartet Literatur», beslaglagt. Om lag 5000 bøker blei sendt i trekasser til Oslo, i lokaler som Kulturministeriet rådde over på den tida. Dei beslaglagte bøkene vart førte opp på lister, mykje meir omfattande enn lista til Herrmann i 1933. Listene over beslaglagte bøker på Rjukan bibliotek er sjølvsagt teke vare på og ligg trygt nede i hvelvet.

I skodespelet Almansor frå 1821 av Heinrich Heine hadde ein av karakterane i stykket dette profetiske utsegnet:

Das war Vorspiel nur. Dort, wo man Bücher verbrennt, verbrennt man am Ende auch Menschen.
(Det var berre forspill. Der bøker blir brent, vil ein ende opp med også å brenne menneske.)

Heinrich Heine var forøvrig ein av mange forfattarar som seinare vart svartelista i Nazi-Tyskland.

Under er eksempel på bøker som var med i Die Schwarze Liste – Schöne Literatur. Mange av forfattarane som er med ville truleg ha gått i gløymeboka om dei ikkje haddde vore oppført på denne lista.

 

Translate »
Click to listen highlighted text!