Rjukan-mannen Ottar Haugland overlevde sjølvmordspille, dødsleir og dødsmarsj under andre verdskrigen. No blir den utrulege historia fortalt for fyrste gong. Boka “Krig. Mor. Bror” av Svein Sæter blir lansert på Biblioteket 15. oktober.

Sted: Rjukan bibliotek, Bibliotekkjelleren

Tid:    tysdag 15. okt. kl. 18:00

Ottar Haugland var bror til sabotøren og Kon-Tiki-deltakaren Knut Haugland. Dei vart begge arrestert 24. nov. 1943 og torurert av Gestapo. Medan Knut greidde å rømme, vart Ottar sendt til utslettingsleiren Stutthof i Polen. Under fangetida der skreiv han dagbok, som Sæter har nytta flittig i skildringa si. I uvissa og fortviling over skjebnen til gutane sine byrjar også mora Gunnhild på Mælandtangen på Rjukan å skrive dagbok. Boka “Krig. Mor. Bror” fortel ei historie om ufatteleg vald og ondskap, men óg kva gode krefter som bur i menneska i solidaritetens og samhaldets teikn.

Ottar Haugland busette seg på Notodden etter krigen, vart gift med Elsa Telnes i 1950 og var ei tid rektor på Brattrein opplæringsssenter.

Svein Sæter har skrive fleire bøker frå krigen bl. a. om Knut Haugland. Det var gjennom denne han fekk høyre om den uttrulege historia til broren Ottar og fekk lyst til å formidle ho ut til folket – ikkje minst til den yngre generasjonen.

Translate »
Click to listen highlighted text!