23. april er Verdas bokdag.

Datoen 23. april vart valt fordi fleire av verdsleiande forfattarar har denne datoen som fødsels- eller dødsdag. Både Cervantes og Shakespeare døydde 23. april i 1616.
Unesco oppretta Verdas bokdag i 1995, og dei gjorde det etter mønster frå Barcelona, som har ein gammal tradisjon for å feire dagen med bøker og roser. Målet med dagen er å løfte fram boka og litteraturen. Her får du lesetips om forfattarfavorittar og undring og diskusjon kring litteratur. Tipsa er tilgjengeleg i Nasjonalbiblioteket si digitale bokhylle og andre opne kjelder.

I tillegg er det også Verdas opphavsrettdag ; ei påminning om at det er på sin plass å betale for ebøker og andre publikasjonar på nett (bortsett frå der Nasjonalbiblioteket har gjeve vederlag til Korinor o.l.). I desse koronatider er det særs viktig da forfattarar ikkje kjem seg ut til bibliotek og litteraturhus for å lese og/eller presentere verka sine.

Her er kva Helge Skurtveit i Bibliotekutvikling Vestland har skrive i høve dagen.

Translate »
Click to listen highlighted text!