Lån minst tre (lyd)bøker og bli med i trekninga av gavekort (pluss noko attåt).
- Tevlinga startar 1. desember og varer til og med tysdag 20. desember.
- Det blir ein premie for vaksne og ein premie for barn.
- Trekninga blir føreteke onsdag 21. desember
Vinnarane får beskjed umiddelbart slik at det blir mogleg å hente premiane før jul.
Vi noterer ned namn, telefonnummer og B eller V for Barn/Vaksen når du låner bøker. Det er sjølvsagt mogleg å delta fleire gonger – einaste vilkåret er at du låner minst tre (lyd)bøker kvar gong.
