Boka ”Kristofer Uppdal . alle mot ein” av Arild Bye kom ut i 2010. Biografien er tradisjonelt oppbygd på 600 tettskrivne sider. Medan innvendingane mot Uppdals litteratur har vore eit noko utilgjengeleg språk, nyttar Bye eit lett og ledugt nynorsk, som gjer boka lettlesen.
Boka er viktig både med omsyn til norsk litteratursoge, arbeidarrørsle og nynorsk kultursoge. Også kona Bergljot Uppdal (f. Mathisen) er blitt vigd stor plass. Ho hadde sjølv litterære ambisjonar og rakk å gje ut ein roman. Ho vart innlagt på Blakstad asyl i 1927 og døydde der av kreft 46 år gamal. Ho er ein gløymd person i norsk litteratursoge og er ikkje ein gong nemnd i standardverket Norsk Kvinnelitteraturhistorie I-III frå 1989-1991.
Boka kjem inn på hans eige tilhøve mellom bonde og rallar og tilhøve til arbeiderrørsla og kvinner. Også Uppdals sinnslidingar og tid på Gaustad asyl frå januar 1927 til september1929 blir grundig skildra.
Uppdal var fødd inn i bondestanden og måtte tidleg ut for å arbeide for føda. Han arbeidde i fleire år i industrisamfunn under oppbygging og kom tett inn på rallarane. Men han hadde som svært ung sterke litterære ambisjonar og fekk etterkvart gjeve ut fleire diktsamlingar. I samlinga ”Villfuglar”, som vart gjeve ut da han held til på Rjukan, lyder siste verset i fyrste diktet såleis: /i dag er eg skald av guds naade / og feiseln og boren eg slengjer / og fingrar av arbeid krøkte / vil leike paa harpestrengjer/
I samband med utgevinga av biografien og ikkje minst Jan Erik Volds 5 stemmer (bok med CD) har det vore diskusjon om poesien til Uppdal. Han er av mange sett på som den fyrste modernisten i norsk lyrikk, men grunna den arkaiske nynorsken med islett av dialektord har han ikkje nådd heilt ut og fått den merksemda som mange meiner han fortener. Når ein finles lyrikken hans er det til å undre seg over at samtida tillot utgjeving av fleire av dikta med det til dels sterke og utvetydige erotiske innhaldet.
Bye kjem og inn på Uppdals rolle i nynorskrørsla. Han gjekk tidleg i ledtog med bl.a. Falkberget og Oskar Braaten, men på dette området også var han også ekstrem og kom sjølvsagt på kant med hovudfienden Riksmålsforbundet; men også mange i nynorskrørsla reagerte på utspela hans. Dette kompromisslause er noko som kjenneteikner Uppdal på mange felt.
Når livet til Uppdal blir omskrive så er det for underteikna svært interessant å lese om tida på Rjukan. Uppdal var på Rjukan frå 1908 til 1910, det siste året som fagforeiningsmann for tunnelarbeidarane. Den tida han arbeidde på anlegga i Vestfjorddalen og andre samfunn under oppbygging har gjeve han stoff til romansyklusen ”Dansen gjennom skuggeheimen”. Dette tibandsverket gjev eit godt innblikk og tidsbilete i tilvere for rallaren på byrjinga av 1900-talet.
Eg avsluttar med eit sitat frå Uppdals roman Kongen, bok nummer fire i verket ”Dansen gjennom skuggeheimen”. Hovudpersonen og ungguten Tørber Landsem er på veg inn i Vestfjorddalen med elva Måna og Gaustatoppen:
”…Og midt etter dalen velter den breide og vassrike elva seg i rivande fart. Det er eit einaste langt kvitt kokande fosse-stryk. Ned mot elva er by-kvartal etter by-kvartal og uferdige gatur med tre-stuvar og steinblokkur frå dei eldgamle stein-skridur. På den andre sida ris jarn-skeletta av fabrikk-bygga. Det blir arbeidd all stad. Det er ei svart maurtuve av folk i arbeid. Då stanar Tørber og stirer rett upp.
Over fjellet ris ein veldig snøkvit tind – som ei kjempepyramide. Sola har nådd fram til bergkjempa. Det er ikkje snø lenger. Heile pyramida er glitrande sylv. Det skjelv i sylvet, og gong og annan drysser gull over det – som ein smil over eit andlet. Men det er ein iskald satan-smil…”