Tolvte og siste band av Norsk Ordbok vart lansert 9. mars 2016. Det er ei ordbok som gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norsk folkemål og i nynorsk skriftspråk. Under oppslagsorda finn ein informasjon om ordtydingar, dialektformer, opplysningar om grammatikk og ordhistorie. I ferdig form inneheld ordboka meir enn 330 000 ordartiklar. Dei eldste delane av ordboka er ikkje digitalt tilgjengelege. Søk i ordboka kan førebels berre skje i alfabetstrekket «i–åværig», i alt 220 000 ordartiklar.
Tinnmålet er godt representert i alle dei 12 banda. Eg tek med som døme frå Norsk Ordbok. Band XI. Stø-Trå :
trøytsleg, adj. [i målf trøysle (Hovin, Tinn)] tregeleg, ergeleg
(eit ord Ivar Aasen òg har i ordboka si etter å ha vitja Tinn sommaren 1855)
Kort historikk
Norsk Ordbok vart sett i gang av Det Norske Samlaget i 1930 med
a) ordinnsamling (frå dialektane og prenta kjelder)
b) samanredigering av eldre nynorske ordsamlingar og ordbøker i eitt manuskript – det såkalla Grunnmanuskriptet
I 1950 kom fyrste heftet av band I av Norsk Ordbok ut. Heile verket var planlagt til 4-5 band. Kvart band skulle innehalde 5 hefte, kvart på 160 sider. I 1966 kom fyrste bandet i serien, «a-doktrin».
I 1972 vart Norsk Ordbok med alle ordsamlingane ein del av Norsk leksikografisk institutt på Universitetet i Oslo. I 1990 vart Norsk leksikografisk institutt og Norsk Ordbok ein del av Institutt for nordistikk og litteraturvitskap.
I 1991 byrja Dokumentasjonsprosjektet å digitalisere samlingane. I 1998 var Dokumentasjonsprosjektet ferdig med ein faksimiledatabase av hovudarkivet til Norsk Ordbok.
I 2002 vart Norsk Ordbok gjort om til eige prosjekt, Norsk Ordbok 2014 med ny styringsstruktur og som eit sjølvstendig prosjekt lausrive frå instituttstrukturen ved UiO. Det vart oppnemnt eit eksternt styre, tilsett prosjektdirektør og gjennomført ei intern omlegging, slik at verksemda kunne målstyrast. Fleire ressursar vart tilførde med bl.a. auka løyvingar frå Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo, og nye medarbeidarar vart tilsette. Også dataverktøy vart i aukande grad nytta i arbeidet. Ikkje berre vart kjeldene og arkivet tilgjengelege i elektronisk format, men dei gamle kjeldene vart supplerte med eit elektronisk tekstkorpus. Dessutan vart sjølve ordboka ein kompleks database som ein skreiv ordartiklane rett inn i. Databasen er søkbar, ein kan lett trekkje fram driftsrapportar ut av han, og det er utvikla ein tilleggsapplikasjon som genererer ferdig sats direkte frå databasen. Ved denne omlegginga vart det fastsett at verket i 12 band skulle stå ferdig til grunnlovsjubileet i 2014, men grunna innsparingar på Instituttet vart det siste bandet, band 12 «trøyst-å», lansert 9. mars 2016. I samband med denne lanseringa vart boka: Livet er æve, og evig er ordet presentert. Ho tek for seg det historiske arbeidet med Norsk Ordbok inkludert prologar av kjente forfattarar ved lanseringar av dei ulike banda. Aino Basso avsluttar prologen sin slik:
«…Somme folk tygg ord som tobakk og spyttar dei ut att på golvet.
Somme trøyste-et ord, men nyt ikkje smaken.
Somme driv tuskhandel med orda, men har ingen kjærleik.
Slik gjer eg aldri.
Eg sym i tjernet og orda summar i svermar over skorpa. Eg dreg pusten og dukkar under.
Når eg kjem opp skal eg klapse dei mellom hendene, ta dei med heim og klistre dei til kvite ark.»
Språksamlingane flyttar til Bergen
Mot avslutninga av prosjektet Norsk Ordbok 2014 haust/vinter 2015/2016 vart det sett i gang ein diskusjon om språksamlingane ved Universitet i Oslo. UiO var ikkje lenger interessert i å forvalte desse samlingane, og det endte med at alt om norsk språk blir overført til Universitet i Bergen. Prosjektleiinga skreiv dette om saka: «Norsk Ordbok 2014 er svært glade for at det nå kjem på plass ei løysing for vidare drift av dei norske språksamlingane: Norsk Ordbok, Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Me set stor pris på at Universitetet i Bergen tek på seg ansvaret for langsiktig drift og utvikling av samlingane og samlingsressursane. Dette er ressursar av uvurderleg verdi for det norske språksamfunnet, og det er vesentleg at det nå blir bygd opp ein organisasjon som tek på seg langsiktig ansvar for å drifta den store infrastrukturen som samlingane og ordbøkene utgjer.»
