Gode tilbakemeldingar frå både forfattarar og publikum gjer at vi er klare for ein ny litteraturfestival, men ikkje før i 2018! I evalueringa saman med Kulturkontoret er vi blitt samde om at Litteraturfestival og arrangementet Fotspor alternerer annan kvart år. I 2017 blir det Fotspor og i 2018 blir det Litteraturfestival.
Gjennomføringa av Litterturfestivalen var jamt over god, men ein ser også forbetringspotensiale. Marit Borkenhagen, mentoren vår, kjem med gode skussmål etter Festivalen. Ho trekkjer fram gode publikumstal, bruk av fleire lokaler i byen og variert program med kjende namn er teikn på ein vellukka Festival. Men ho òg ser at einskilde ting kan forbetrast, mellom anna kunngjering utanfor Kommunen.
Men om det ikkje blir Litteraturfestival i 2017 blir det arrangement og foredrag med kjende forfattarar og fagfolk utover året. Vi vil også engasjere lokale krefter i året som kjem.