Dei norske dialektane er ein del av vår nasjonale identitet. Bruken av dialekter har teke seg opp den siste tida, bl.a. er det mange artistar som syng på dialekt, mange nyttar dialektord i sosiale medier og ein høyrer meir dialekt i radio og TV.
I denne boka kan du lære om, og ikke minst høyre 70 ulike dialektar frå heile landet.
Språkforskar Anders Vaa fortel om dei viktigaste markørane for kvar einskild dialekt, med uttaler, bøygingsformer og stadeigne ord. Boka viser kva som er karakteristisk for dialektane i kvar landsdel, før kvar region blir omtalt og illustrert med lydeksempel. Vi møter også kjende menneske som fortel om talemålet sitt. Lydpanelet inneheld meir enn ein time med taleprøver som kan hjelpe lesaren med å plassere dialektane på kartet. Det er same avspelar som i boka «Fuglene våre med fuglelyder» som kom i fjor.
For å bli litt subjektiv er det litt merkeleg at for regionen midtlandsk er det lydprøver frå nabobygdene Bø og Gvarv, men ikkje frå t.d. Tinn eller Numedal. To dalføre som har særtrekk og er mykje forska på. Men alt i alt er det eit godt utval av dialekter landet rundt. Ei bok for dei som ikkje orkar alt for mykje teori om dialektar, men likevel vil lære om kva som skil dei ulike mælføra frå kvarandre.
Foreløpig stopp på fjernlån
14. april fikk vi beskjed om at Norsk bibliotektransport (NBT) har gått konkurs. Det er derfor ikke mulig å bestille...