Når ein ser tilbake på Rjukan Litteraturfestival i november i fjor så er det Ruth Lillegravens lyrikktime på Rjukan Admini som verkeleg har sett seg fast minnet. Det var ein magisk stund i staselege lokaler der vertilhøva ute sette ein ekstra spiss på atmosfæren inne.
I tillegg til ei diktsamling for ungar og ei diktsamling for vaksne i 2016 har Lillegraven vore svært delaktig i utgjevinga av boka Å lytte til hakkespetter med undertittel Naturen som terapeut. Boka inneheld intervju med pasientar og fagfolk på Modum Bad, og her er fokus å seie noko om tilhøvet mellom naturen og den psykiske helsa til pasientane. Intervjua viser at kontakt med skog, fjell, dyr og planter har vore meir eller mindre avgjerande for å kome tilbake til det so kalla normale livet att etter ulike psykiske lidingar.
Sjølvsagt kjem Lillegraven med høvelege dikt innimellom. I diktsamlinga frå 2014: Manilahallen : eit dikt, eit liv er hovudpersonen ei kvinne som 33 år gamal blir lagt inn på Modum Bad pga. spiseforstyrringar, so Lillegraven har vore i kontakt med miljøet tidlegare.
Tittelen Å lytte til hakkespetter er henta frå forordet skrive av Ole Johan Sandvand. Han har fått lov til å nytte eit utdrag frå ein samtale med ei ung kvinne i behandling på Modum Bad: «Jeg har blitt glad i naturen her og den friske luften. Å høre hakkespetten om morgenen har jeg blitt så vant til at det blir rart å ikke høre den mer. Og det at jeg hører den i stedet for tankene mine, er så godt å kjenne på. Jeg har et valg. Jeg kan velge å høre på tankene eller hakkespetten. Jeg velger hakkespetten. Det valget hadde jeg ikke før, men jeg får det mer og mer.»