Det er stor interesse for lokalhistorie. Problemet er at denne kunnskapen ikkje vert tatt ordentleg vare på, og at mykje såleis kan gå tapt etter kvart som generasjonane går. Musea i Telemark har gått saman om å gjere ein innsats for å ta vare på gamle foto og arkivmateriale, og har med støtte frå fylkeskommunen etablert Telemarksarkivet. Med på laget er Norsk Lokalhistorisk institutt, som driftar tenesta lokalhistoriewiki.no.I samband med dette er det lansert eit dugnadsprosjekt der ein ynskjer å engasjere flest mogleg rundt om i fylket vårt. Målet er å sikre at meir lokalhistorie blir tatt vare på og gjort tilgjengeleg.
Lokalhistoriewiki inneheld allereie fleire hundre artiklar frå Telemark, samt over 5000 fotografi. Men framleis er det mange stader, verksemder, organisasjonar og personar som burde ha vore omtalt. Wikien er enkel å bruke, den er dynamisk og det er lett å peike til andre ressursar (arkivportalen, fotosamlingar, bokbaser osb) frå emneartiklar.
Eit tilbod til biblioteka i Telemark
Telemarksarkivet ynskjer å samarbeide med biblioteka i Telemark, for å få flest mogleg med på dugnaden. Folkebiblioteket er ein møtestad i kommunen, dei har gode kontaktnett og dei sit på mange relevante kjelder. Kanskje kan biblioteka arrangere sosiale dugnadskveldar, der ein gjer bruk av eigen lokalsamling?
Om du vil vite meir om dette ta kontakt med Rjukan bibliotek ved Per Espeland. Han kan gje ei enkel innføring i bruk av lokalhistoriewiki.no. Ver grei og avtal tid på førehand.