Frå 1965 har bibliotek rundt i det ganske land mottatt norsk skjønnlitteratur gratis på Kulturfondordninga. Denne ordninga kom til for å styrke norsk litteratur i høve til utenlandsk litteratur. Frå 1978 kom også barne- og ungdomslitteraturen inn under ordninga. Litt ut på 2000-talet fekk faglitteraturen innpass, dog i avgrensa grad.
Kulturfondordninga har vore viktig for norske folkebibliotek, men det har og vore kjelde til litt frustrasjon. Det kan ta lang tid frå boka kjem ut til ho er å finne på biblioteka rundt om. Ting har betra seg dei siste tiåra, men framleis kan det ta altfor lang tid. Det er nemleg ei godkjenningsordning der utvalg for dei ulike sjangrane skal vurdere bøkene. Enten blir dei godtatt eller så blir bøkene «nulla» dvs. ikkje vurderte gode nok til å bli kjøpte inn. Ofte tek denne vurderinga noko tid og det er grunnen til at også Rjukan bibliotek får enkelte bøker lenge etter at bøkene har vore presenterte i ulike media. Slik blir tålmodet til bibliotektilsette og ikkje minst lånarane jamt sett på prøve.
Rjukan bibliotek får to sett av vaksenbøker og tre sett av barne- og ungdomslitteratur, som blir fordelte på hovudbiblioteket og filialane i Atrå og Hovin.
Les meir om dagens kulturordning her. Eit historisk oversyn får du her


